Publisert av:
28/12/2008 10:43
Blant 500 på gata
BTMagasinet hadde denne veka den varianten at dei ikkje berre hadde “5 på gaten”, men “500 på gaten”!! Dei hadde ulike spørsmål til mange menneskegrupper.
Ein rask gjennomgang av dei femhundre spurte, så fann eg tre utflytta tysnesingar (kan ha vore fleire!) blant intervjuobjekta.
Gunnar Hope frå Reksteren fekk spørsmålet “Hva kan du utenat?”
Trond Hollekim frå Hodlekje fekk spørsmålet “Hvilken film bør alle se – og hvorfor?”
Hogne Merchant frå Onarheim fekk spørsmålet “Hvem savner du?”
Svara dei gav ser du biletrama over.