Publisert av:
27/12/2008 21:11
Romjulscup dag 2
Etterkvart som kampane skrei fram i dag, og det skulle avgjerast kven som skulle gå vidare, så hardna det også til.
Det vart eit par raude kort i løpet av romjulscupens andre dag, men lukkelegvis ingen alvorlege skadar.
Stemninga var likevel stor i hallen og det vart også mykje flott fotball som vart vist i dei mange jamne kampane.
Søndag er det finaledag med semiane som byrjar klokka 1200.
Siste finale er rekna å vera ferdig kring 15-tida.