Julehelsing frå Port Reval

Publisert av:
24/12/2008 10:33

På ein svart deili stol uti havet
set eg og føle meg begavet!
Ei natt so fin å jobba på
uansett for gale te sengs å gå!
På fredag eg nattugla vart
då reiste eg på jobb i helikopterleg fart.
Ute på Port Reval eg koke og grise,
innimellom står eg jedna og småfnise!
Her ska eg feira både jul og nyttår,
heldig e eg nok om eg julapakke får!
 
 Ei julahelsing te kjendte og kjære eg vil senda
at da nåken i retur kjem kan jo henda…
 
Stor klem te store og små,
husk klokko 4 te kyrkje’s og gå…
 
-Juniane-