Hans Ole Dalland om Yachtsiglarane

Eldredagen 2018

Publisert av: Vegard Aslaksen
3/10/2018 20:29

Det var god oppslutning om Eldredagen. 50 personar og eit ti-tals foredragshaldarar laga god stemning.

Programmet var sydd saman av sjefen for Eldrerådet i Tysnes: Freddy Jensen.

Det store trekkplasteret var nok kåseriet om tysnesingar og Yachtseglarane før krigen. Tysnesingane gjorde det skarpt i America`s cup, både som skipparar og mannskap.

Elles hadde ordføraren eit innlegg om det å bli gamal på Tysnes. Mat og matlyst er sterkt i vinden for tida og Kleppe fekk naturlegvis spørsmål om det.

Tekst og bilete; Per Verner Aase

Ordføraren innleia med planar og tankar rundt det å bli gamal på Tysnes

 

Freddy Jensen leia møtet med 50 påmeldte

 

Helga N. Boland informerte om Omsorgssenteret og aktivitetane der.

 

Kjell Artur Lunde om Yachtseglarane

 

Harald Haaland kosar seg

 

Musikken vart ordna av Martha Aasheim og Einar Frøyseth

 

Drøs kring bordet

 

Nils M. Singelstad les rim til ettertanke