Publisert av:
27/11/2008 21:40
Dagens ros
Trenarar og TIL
Flott at nokon tek dette opp. Det at handballag som kjem til Tysnes vert mottekne på denne måten , med innmarsj, presentasjon og speaker-teneste, er gull verdt – og det handlar om korleis Tysnes IL presentererer seg! Jorunn sine kommentarar viser at ho er bevisst på kor viktig dette er. Trenarane i TIL fortener verkeleg ros. Dei gjer først og fremst ein fantastisk innsats for spelarane, men innsatsen deira handlar og om å synleggjera kor viktig handball er som identitetsbyggjar for ungdomsmiljøa i Tysnes.
Vidar Høviskeland