Ros til Tysnes IL

Publisert av:
27/11/2008 15:29

Gode arrangement og glade barn er overskrifta handballkretsen har i si overskrift.

Dei skriv at klubbane i Sunnhordland har sett arrangement høgt på agendaen, og at Tysnes er kjend for svært mange for sine kamparrangement, som inneheld både innløping, presentasjon av spelarar og musikk.

Tysnes er ein dei framste klubbane i regionen på arrangementsutvikling, og har sidan opninga av Tysneshallen i 2004 greidd å skape svært gode rammer rundt sine barnekampar, skriv handballkretsen.

– Vi sette som mål at kampane på Tysnes ikkje skulle vere like kjedelige som ein del av dei vi spelte på bortebane tidlegare. Folk skulle verkeleg merke at dette var Tysnes si heimebane, seier Jorunn Dalland, ein av organisatorane i Tysnes IL til kretsen si nettside.

Tilbakemeldingane frå gjestande lag har vore svært positive og lag frå både fjern og nær gler seg til å koma på besøk til Tysnes. Men satsinga på å skape liv og røre i hallen har også gitt store resultat for rekrutteringa.

– I dag har vi om lag 100 spelarar som er med på minihandball i Tysnes. Interessa er heilt overveldande, og det er kjempegøy å sjå korleis ungane spring rundt i hallen og har det gøy, seier Dalland.