Vintervér

Publisert av:
20/11/2008 23:00

Den fyrste snøen har lagt seg over Tysnes.

I går kveld og i dag har dei kvite snøfnugga lava ned over øya. Litt meir enkelte plassar enn andre stader.

Dette førte til glatte vegar. På Reksteren var det eit lite biluhell på glatten, og på Årbakka var bussen uti grøfta ein tur.

Brøytebilane går regelmessig, og truleg vil me sjå asfalten i vegen ganske snart.