Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
24/6/2018 16:32
Jonsokfeiring på Årbakka
Tekst og foto/video: Rebekka Høgestøl
Heilt sidan eg var ung har me hatt tradisjon på Årbakka på Jonsok. Her samlast me saman kvart år på denne dagen, i all slags vèr, som regel kaldt og vått
Det er både Tveit bygdelag og Onarheim bygdelag som står bak arrangementet, og det er koseleg at heile Austsida kan samlast i lag å feira med bålbrenning, grilling, fisking og for to tøffe kara; Bading!
I år hadde eg med meg mine tantebarn som bur i Sandnes, og det var fyrste gong dei opplevde å feire St. Hans. Då tenkte eg takknemleg at det er fint å koma frå ei lita bygd der me har slike fine tradisjonar.
Sjå bilder og video frå kvelden vår.