Felles uttale om E39 Hordfast og E134
3/5/2018 16:54
Haugaland Vekst regionråd og Samarbeidsrådet for Sunnhordland består av ordførarar og
rådmenn i ein storregion på 16 kommunar og ca 173 000 innbyggjarar. I eit fellesmøte 20. april
2018 vedtok råda å gje følgjande felles uttale:
Realisering av ferjefri kyststamveg E39 Hordfast og innkorting og utbetring av aust- vest sambandet
E134 vil bety svært mykje for utviklinga av næringsliv og busetnad på Vestlandet.
E39 Hordfast
I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt inn 14 mrd. kroner til bygging av E39 Stord- Os,
Hordfast i siste del av planperioden, og 5 mrd. anna finansiering i første planperiode. Det er opna
for ein tidlegare byggestart, kring 2022, dersom kostnadane ved prosjektet vert redusert.
Statens vegvesen har no lagt fram ein ny prognose, der kostnadane er redusert til 35 mrd.
kroner.
Regionråda på Haugalandet og i Sunnhordland meiner at med dei nye kalkylane til Statens
vegvesen er krav til kostnadsreduksjon innfridd, og at det er grunnlag for å få realisert oppstart
av ferjefri kyststamveg mellom Bokn-Bergen i første fireårsperiode av NTP.
Det er forventa lenger anleggstid på Rogfast enn på Hordfast. Ved oppstart av Hordfast i denne
planperioden kan gjera at ferdigstilling kan koma eitt år etter Rogfast. Dette vil resultera i at ein
samanhengande transportkorridor mellom Stavanger og Bergen vil kunna bli ein realitet kring
2028.
Regionråda ber om at fastsambandet Hordfast må fullfinansierast i første 4 års periode i neste
NTP 2022-2027.
E134
E134 Haukelivegen er den viktigaste aust – vest korridoren for Hordaland og Rogaland.
Samfunnsnytten og verdien for næringslivet med utbetring av E134 er i fyrste omgang at transporten
vert raskare, rimelegare og tryggare. Det vert mindre utslepp av klimagassar og regulariteten
aukar. Det må vera eit mål at E134 over Haukelifjell må handsamast som eitt prosjekt, både
planmessig og økonomisk, og realiserast så raskt som mogleg. Anleggsteknisk er det naturleg med
ulike byggetrinn, men målet bør vere mest mogeleg samanhangande utbygging.
For inneverande NTP blei der gjort følgjande merknad frå fleirtalet i komiteen under handsaminga i
Stortinget:
«—viser til at det er prioritert statlige midler til å start bygging av nye tuneller på E134 over
Haukelifjell i andre del av planperioden. Flertallet viser til mulighetene for å kunne framskynde
byggestart med grunnlag i lokalpolitiske vedtak og forhånds- eller parallellinnkreving av bompenger.
Flertallet har merket seg at en slik vilje er tilstede, noe som kan fremskynde oppstart med flere år”
Full utbygging av E134 med arm til Bergen kan gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte på kr. 26.mrd.
(SVV- Øst vest utredningen).
Sikra prioritering av Bakka-Solheim i rullering av NTP.
Regionråda ber om at det vert gjort nødvendige vedtak for oppstart av førehands- eller
parallellinnkreving av bompengar for å kunna framskynda byggestart på E134 Seljestad-Vågslid.
Regionråda ber og om ein oppstart på KVU på arm til Bergen, og at Bakka– Solheim blir prioritert i
rullering av NTP.
Haugesund/Sunnhordland 25. april 2018