Ynskjer innspel

Publisert av: May Britt Meland
5/4/2018 11:48

Tysnes kommune inviterer alle interesserte til folkemøter i samband med rullering av samfunnsdelen av kommuneplanen.

 

Planen skal gje mål og føringar for korleis samfunnet skal utvikle seg. Til dette arbeidet treng me gode innspel frå innbyggarane i kommunen.

Samfunnsdelen er omfattande og famnar om mange tema. Me inviterar difor til 3 folkemøter/utviklingsverkstader denne våren,  der me ynskjer at flest mogleg skal kunne få moglegheit til å komme med sine gode idear, tankar og innspel.

Felles for alle verkstadane vil vera:

  • Kvifor kommunal samfunnsplan?
  • Krav til planen
  • Framdrift
  • Involvering
  • Fokusområder

Møte 1

Tysdag 17.april                 kl. 18.00-20.00  Tema: Omsorg Helse og Fritid

Møte 2

Tysdag 24.april                 kl.18.00-20.00 Tema: Oppvekst og infrastruktur

Møte 3

Tysdag 8.mai                     kl.18.00-20.00 Tema: Bustad og næring

Alle møta vert i Tysneshallen.