Foto: Jannike Alvær Lie

Marita – grafikaren bak logoen til tysnesingen.no

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/3/2018 15:04
Tekst; Dagfinn Sandvik

Marita Bakke som driv Blikk Design har laga logoen til Tysnesingen, og i den forbindelse tok me kontakt med ho for å høyre korleis ho trivs i den nye jobben sin.

Det er måndag og på telefon får me ein samtale med Marita. Ho seier at akkurat denne dagen er ho utleigd til avisa Sunnhordaland, som er ein god kunde, og som gjer ho mange oppdrag. Men generelt sett spelar det inga rolle kva firma, eller kor i landet ho får oppdrag frå. Ho seier at ho tar imot utfordringar på strak arm, alt innan utarbeiding og produksjon av reklamematriell.

Marita stortrivs som sjølvstendig næringsdrivande, ho kunne ikkje fått det betre. Alle kundar er ulike, og kjem med forskjellige utfordringar. Så ingen av arbeidsdagane er like, noko som gjer kvardagen spanande.

For 20 år sidan tok Marita fagbrev som grafikar, og har gjennom tida fått brei erfaring innan faget. Ho har mellom anna jobba for Bladet Tysnes i 12 år, og gjennom avisa gjort mange oppdrag for næringslivet på Tysnes.

Bakke seier ho vil sterkt anbefale ungdommar til å utdanne seg innan dette feltet. Det kan vere lurt å ta så mykje utdanning som mogleg, og eit utanlandsstudie innan grafisk design, er ingen dum ide. Då vil ho trekkje fram land som England, Danmark og Sverige, som er flinke på akkurat denne utdanninga.

Å ansette folk for firmaet sitt, er per i dag ikkje aktuelt, men ho vert gjerne leiar for større prosjekt som krev fleire folk involvert.

Tysnesingen lurar på kva for eit dataprogram ho brukar i yrket sitt. Til det svarar Marita at ho jobbar i Indesign, Photoshop og Illustrator. Programmet ho brukar til webdesign heiter Muse. Dette er eit dataprogram som det tok ei god stund å få «teken» på, men med den kompetansen ho no har, går alt som ein leik.

Den største utfordringa ho har hatt til no, var å presentera seg sjølv og firmaet sitt for eit breitt publikum i selskapslokalet til Mandelhuset, seier ho samstundes som ho flirer litt. Dette var nytt for meg, men ein god erfaring å ha med seg til ein annan gong.

Tysnesingen ynskjer Marita Bakke og Blikk Design lykke til med framtidige oppdrag, og sjølvsagt ynskjer me god påske!

For å lesa meir om verksemda til Marita Bakke sjå www.blikkdesign.no