Publisert av: Vegard Aslaksen
5/3/2018 23:35
Næringssamling på Mandelhuset
Nyheiter frå Tysnes kommune
Torsdag den 22. mars inviterer Tysnes kommune og Atheno til næringssamling på Mandelhuset i Våge.
Samlinga er for alle som har interesse for lokal næringsutvikling, enten ein arbeider i etablert verksemd eller går med ein gründerdraum i magen.
Program for dagen finn du HER.
Samlinga kostar kr 300,- per. person Påmelding til post@tysnes.kommune.no. Oppgje ditt namn og evt. bedrift du representerer. Til kontonr.: 3525 07 00340. Merk med: Næringssamling og ditt namn/bedrift
Det er høve til å bestille middag på Mandelhuset etter samlinga. Her kan ein mingla, diskutere nye moglegheiter og knyte kontaktar.
Det er plass til 65 personar på samlinga. Her er det fyrst til mølla!
Vel møtt!