Avfall til miljøsentralen?

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/3/2018 23:34

Bruk blanke sekker!

SIM har som mål at alt avfall som vert sendt til material- eller energigjenvinning skal vera så ”reint” som mogeleg, utan innhald av farleg, elektrisk eller elektronisk avfall. For å greia dette, treng me di hjelp.

 

Den beste hjelpa du kan gi er å passa på at alt avfallet du kjem med til miljøsentralen er sortert og vert kasta i rett konteinar. Det er lurt å pakka avfallet slik at det er enkelt for våre kunderettleiarar å sjå kva du ønskjer å levera, slik at dei kan losa deg til rett konteinar.

 

Me minner om at det ikkje er lov å kasta ugjennomsiktige, ikkje-kontrollerte sekker med avfall i konteinarane. Du kan gjerne bruka slike ugjennomsiktige sekker til å frakta avfallet til miljøsentralen i, men då kan du måtta sortera avfallet etter ein kontroll av innhaldet.

 

Det beste rådet er derfor å sortera avfallet i gjennomsiktige sekker før du dreg heimanfrå – slik at det er kjapt for kunderettleiarane å sjekka innhaldet og lett for deg å hiva heile sekken rett i konteinar.