Tysnes Sparebank på Oslo Børs

Publisert av: Johnny Helgesen
24/11/2017 08:06

Tysnes Sparebank søkjer om å verta notert på Merkur Market som er ein av marknadsplassane Oslo Børs har.

PUBLISERT AV OLE JOHANNES STØLE
Publisert: 13.11.17 08:27
I ei pressemelding frå banken i dag informerer banksjef Dag Sandstå at banken har søkt om å verta notert på Merkur Market.

Tysnes Sparebank søkjer notering på Merkur Market / Oslo Børs.
Frå før er det fleire andre mindre sparebankar som er notert der. -Dette vil sikra at eigenkapitalbeviseigarar i Tysnes Sparebank får ein enklare måte å selja eller kjøpa eigenkapitalbevis seier Sandstå.

Merkur Market.
Merkur Market er ein børs for mindre verksemder som ynskjer ein effektiv marknadsplass for omsetnad av sine aksjar eller eigenkapitalbevis. Så langt er 2 norske bankar notert der. Tysnes Sparebank er av dei minste bankane som vert noterte. Banken frå Tysnes viser at det er mogeleg også for dei mindre bankane i Noreg å delta i effektive marknads-plassar som Oslo Børs har.
-Vi er glad for at Tysnes Sparebank har bestemt seg for å bli notert på Merkur Market uttaler direktør for notering Lars Jacob Braarud hos Oslo Børs.

Tysnes Sparebank vil etter emisjonen ha ca. 110 millionar kroner i eigenkapitalbeviskapital.
Banken har dei tre siste åra i hovudsak fått med seg lokale investorar (store som små) til å sikra banken framtidig vekstkapasitet ved å utstede nye eigenkapitalbevis. Den siste emisjonen som er annonsert finn stad i løpet av november – den er garantert fullteikna og vert på 35 millionar kroner. Teikningsperioden er frå 13. november til 27. november.

Presentasjonar av banken i tettstadene i Sunnhordland og Hardanger.
Dei siste vekene i november vil banken ha lokale presentasjonar der dei som ynskjer å kjøpe eigenkapitalbevis kan få informasjon om banken, kva eigenkapitalbevis er og forventningar til framtida for banken. Presentasjonane vert haldne på Tysnes (2 gonger), Stord, Kvinnherad (Uskedal) og Odda. Tidspunkta for møta vil verta annonsert i lokale media.