Publisert av:
18/10/2017 08:09
Song- og musikkveld
Denne kvelden blir det ein ny «Song- og musikkveld» i bedehuset. Alle som tidlegare har fått med seg slike kveldar med Ladegården korps veit at dette er ei rik oppleving med god stemning. Den muntre flokken frå Frelsesarmeen i Bergen synest sjølve det er triveleg å koma til Tysnes. Det er alltid noko dei ser fram til. Dei likar seg her.
Mange har alltid møtt fram når Ladegården korps kjem til Tysnes bedehus. Det er oppmuntrande og godt å høyra songen, musikken og det dei elles har på programmet. Slik blir det nok også denne gongen. Det er vel verdt å bruka eit par timar i bedehuset no fredagskveld, der alle også får ta del i fellessong, og så blir det servert kveldsmat. Ta turen!
Tekst/foto:H.O.D.