Ambassadør – og Sunnhordlands-treff

Publisert av:
12/9/2017 12:52

Pressemelding, Samarbeidsrådet for Sunnhordland:

Ambassadørtreffet føregår om bord i veteranskipet M/S Sunnhordland medan skipet er på veg frå Leirvik til Bergen.

Avgang frå Leirvik er kl 1130.  

På programmet står føredrag med Ståle Økland, bedriftspresentasjon med meir. Økland forskar på samfunnstrendar, og vil snakke om framtidas region og korleis denne kan sjå ut med tanke på den teknologiske utviklinga me er inne i. Ståle Økland er ein ettertrakta føredragshaldar, også i Europa.

I tillegg vert det m.a. bedriftspresentasjon av ei av samarbeidsbedriftene i omdømmeprosjektet.

 

Frå kl 17 er det klart for Sunnhordlandstreff om bord i båten. MS Sunnhordland ligg til kai ved Zachariasbryggen (Shetlandlarsens brygge) under heile arrangementet.

Dette er den ellevte gangen Samarbeidsrådet for Sunnhordland arrangerer Sunnhordlandstreff.

Godt over 100 personar samlast på Sunnhordlandstreff. 

Deltakarane får høyre inspirasjonsinnlegg om korleis det er å bu i Sunnhordland frå ein heimflytta sunnhordlending. I tillegg blir det musikalsk innslag. 

Det er sett av god tid slik at deltakarane får knyte kontaktar med bedrifter og kommunar. 

På menyen står tapas og det er moglegheiter til å vinne flotte premiar.


Totalt er 22 bedrifter, kommunar og festivalar representerte. Saman viser me moglegheiter i regionen og legg til rette for ein arena der studentar og andre kan knyte kontakt med moglege framtidige arbeidsgjevarar.

 

Sunnhordlandstreffet og bedriftssamlinga er ein del av omdømmesatsinga for Sunnhordland. Omdømmesatsinga er initiert av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.