Bjørnefjorden matkultur

Publisert av:
20/6/2017 09:53

I 2016 kom det fram eit ønskje i Os kommune om å få i stand ei mobilisering av matprodusentane rundt Bjørnefjorden. Hordaland fylkeskommune gjekk inn og støtta prosjektet med kr 150 000. Heile 45 ulike aktørar melde si interesse for prosjektet, og i vår vart Bjørnefjorden Matkultur skipa. Det er valt 7 styremedlemmer som representerer Os, Fusa, Samnanger og Tysnes kommune.

Bakgrunnen for prosjektet var at ein ønskte ei mobilisering av matkultur og matprodusentar i regionen for å løfte interesse og aktiviteten rundt mat og matproduksjon i Bjørnefjordregionen.

I går var det offisiell lansering og den nye nettsida “Bjørnefjorden Matkultur” vart tilgjengeleg.

Frå Tysnes er Garden på Dalland Og Mæland Gard registrert som mataktørar.

Garden på Dalland har vore i vinden siste tida i samband med flott ny heimeside og salg av kjøt frå Vestlands fjordfe.

Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial og Gunnar Nagell Dahl stod for koking av tang, og gjestene fekk servert deilig nanbrød med mellom anna kjøt frå Garden på Dalland og salat og redikk frå Hegglandsdalen.

Det store Bjørnefjordmåltidet

7. oktober inviterer Bjørnefjorden Matkultur til ei heilt unik oppleving.

Det vert då festkveld i Oseana der ein vil få servert ein heilt eineståande meny.
Maten blir laga og servert av eit kokkelaug og eit servitørlaug, som alle bur eller jobbar i regionen. Matattache Gunnar Nagell Dahl vil leie kokkelauget, med god hjelp frå Haaheim Gaard, Eikhaugen Gjestegard, Osteriet i Samnanger, Bjørnefjorden Gjestetun, Engevik Gaard, Mæland gård, Oseana, gardene på Bø, Havnechefen, Garden på Dalland og Osøyro Kolonial… berre for å nemne nokre.Rettane vil vere basert på lokale råvarer frå Os, Fusa, Samnanger og Tysnes.  Det vil vere alt frå lam til kalv, egg og ost, bær og frukt, ville vekstar, fisk og skalldy. Ja, til og med saltet vil vere lokalprodusert!!