Er du klar?

Publisert av:
28/4/2017 09:05
Tysnes Breiband gjentar fjordårets suksess, og arrangerer ny runde av SommarTrimTysnes med turmål på mobilen fram til 31. august.
– Det er 27 turmål fordelt i heile Tysnes kommune for innlogging med mobil ute i terrenget.
I tillegg får deltakarane poeng for gruppetimar hos Tysnes Treningssenter og SvingenPuls, forklarar Ingrid Haaland i Tysnes Breiband. Begge treningssentera er med å arrangera Sommartrimmen og bidrar med fine premiar.
 
Nye turmål i år er Kannikenuten, Ulstjørna, Fiskevatnet og Grovatnet.
Deltakarar må melda seg på SommarTrimTysnes 2017 i appen Trimpoeng, sjå meir om dette her http://www.trimpoeng.no/i/sommartrimtysnes2017