Publisert av:
19/4/2017 20:32
Sunnhordlands- tour pitch & putt
SunnhordlandsTour Pitch & Putt er eit samarbeid mellom Tysnes GK og Kristornskogen GK på Stord. På Tysnes vert det måndagsturneringar med oppstart 1.mai. På Stord er dei allereie i gong med sine torsdagsturneringar. Begge stader kan ein velgja mellom to starttidspunkt, kl. 10.00 og kl. 17.15, som begge passar godt med fergerutene.
Dei 5 beste rundane ein spelar på kvar bane tel med i Touren. Både brutto- og nettopremiering ved sesongslutt.
Håper mange vil hiva seg på og vera med.
Terminlister finn ein på tysnesgolf.no og kristornskogengolf.no.
Begge klubbane helsar velkomen til alle som ynskjer å delta !
Bilete frå dagens runde kl.10 på Stord.


Tekst og foto: Tysns Golfklubb