Basar på Skorpo
14/4/2017 15:34
Den tradisjonelle basaren på Skorpo skjærtorsdag vart halden i år òg. I skulehuset på Skorpo har det vore basar skjærtorsdag lenger enn folk kan minnast. Frå gammalt var det ein av kvinneforeiningane i skulekrinsen som heldt basar til inntekt for misjonen på denne dagen. No går pengane til drift og vedlikehald av bygningane. I år er det taka både på det gamle skulehuset, no grendahus, og uthuset som treng vøla.
Det er stor aktivitet i grendahuslaget på Skorpo. Faste aktivitetar er grillfest, nyårsball , to basarar og tre dugnader. På basaren skjærtorsdag var det igjen ”fullt hus og stormande jubel”. Tradisjonelle rutinar vart følgde: Først tre åresal, så kaker, saft og kaffi + drøs. Så var det to nye åresal og til slutt trekning av bøker. I år kom det inn om lag 28500 kr. Og pengane kjem vel med. Både reparasjonar, vedlikehald, straum og forsikring er store utgiftspostar for laget. Neste basar vert i august.
Tekst og foto: Harald Skorpen



