Unikt funn
1/4/2017 06:46
Rebekka Høgestøl meiner at «livet er best ute» og er sjølvsagt derfor oftast å finne utandørs.
På ein av sine mange turar rundt omkring på Onarheim, kom ho tidlegare denne veka over noko heilt spesielt.
Medan ho lufta hunden, Tilla, og den snuste omkring, kom ho til å få auga på ein «litt rar» plante innimellom noko kratt. Rebekka, som har utdanning frå høgskulen på Ås, kontakta ein av professorane der, og sende over bilete.
Svaret ho fekk var ganske så overraskande: du har funne ein heilt ny art!
Det vitskapelege namnet som er på latin, vert sett etter nomenklaturreglane, men Rebekka får den ære av å gje blomen det norske namnet (trivial namnet), som så skal godkjennast av artsdatabanken.
Det er imidlertid ein del prinsipp og retningslinjer til namnevalg. Det heiter seg mellom anna at:”Vakre og interessevekkende navn bør tilstrebes framfor navn som gir negative assosiasjoner.” Namnet skal vere språkleg korrekt, lett å uttale, så kort som mogleg og ikkje misvisande.
Rebekka sjølv har gjort seg ein del tankar, men ynskjer innnspel frå lesarane til namneforslag!
KVA ER DITT NAMNEFORSLAG??
Send det til: post@tysnesingen.no