Tusen takk
24/3/2017 07:16
Eit resultat langt over det ein kunne tenkt seg. Men det viser at felles innsats gir resultat. Godt jobba alle saman!
Det er takka vera det store engasjementet frå heile kommunen- Tide som på strak arm gjorde det mogeleg for elevane å gå, Tysnesingen som formidla vårt bodskap – bøssebærarar, bedrifter, personar som kom med lopper, dei som lånte oss bord og benker, dei som kjørte det til og frå, lånet av kaffitraktar, foreldre som har stilt opp, velforeining ved Kraftlag/breiband, tilsette ved Mandelhuset som gav tipset sitt til saka, jenter som selde frukt, alle som gav i bøssene og alle som gjekk Blåbærhaugen opp. Kven kunne tenkt seg at det vart 1050 turar!!!!!
Håpar me ikkje har gløymt nokon – har vert så mange som har bidratt. Det har vert kjekt å fylgja aksjonen på nært hald. De har alle vert så positive – ingenting har vert noko problem og slikt gir resultat.
Så takk igjen. Aksjon for Kreftforeininga vert det garantert neste år og. Målet må då vere å slå årets resultat. Idear for aktivitetar må de tenkje på og formidle.
Helsing
Rannveig og Astrid