Dramaskule
18/2/2017 07:00
Hei! Bli med!
Kurset er for deg mellom 7- 12år som er på Tysnes i vinterferien. Det kjem til å bli like kjekt om du har erfaring med teater frå før, eller aldri har prøvd det. Alle er like velkomne!
Me kjem til å møtast frå mandag til fredag slik at me har godt tid til å jobbe og leike oss saman.
Du kjem til å bli kjent med teater leikar, stemmebruk, måtar å bygge ein karakter på og norske eventyr. Me skal nemlig ta utgangspunkt i norske eventyr, og lage ei forestilling av det.
Og det kjekkaste av alt, me skal lage forestillinga SAMAN! Det gledar eg meg til! Bli med!
Dato: 27.februar – 03.mars
Stad: Musikkrommet, Tysnes skule
Tid: Mand – torsd kl 11:00 – 15:00
Fredag kl 12:00- 16:00
Visning: Fredag 03.mars kl 16:00
Pris: 750kr
Instruktør: Malin Aakre
Anna: Send gjerne ei melding på
malinaakre@gmail.com om du skulle lure på noko
PÅMELDING
Innan 17.februar til yngve.nikolaisen@tysnesoppvekst.no