Våpenamnesti frå 1. mars
9/2/2017 10:49
Regjeringa har nyleg vedteke å innføre våpenamnesti. Amnestiet varer i 3 månader, frå 1. mars 2017 til og med 31. mai 2017. Det er politiet som står for gjennomføringa av amnestiet.
Lensmann Lorentz Lunde fortel til Tysnesingen.no at ein og kan levera inn våpen og ammunisjon lokalt på Tysnes og i Fusa.
–Dersom du har ammunisjon du vurderer som ustabil, skal du ikkje ta denne med deg til lensmannskontoret. Då skal du kontakte lensmannskontoret slik at me får vurdert vidare handtering, seier Lunde.
Amnestiet inneberer at dei som har registreringspliktige skytevåpen utan å ha løyve, skal sleppe straff dersom dei varslar politiet om dette i perioden amnestiet varer.
I ei pressemelding frå regjeringa seier justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (FrP) at ulovlege våpen utgjer ein risiko for samfunnet. –Erfaringer viser at våpenamnesti er et godt virkemiddel for å redusere antallet uregistrerte skytevåpen.
Tidlegare amnesti
Det har tidlegare blitt gjennomført våpenamnesti. I 2003/2004 kom det inn 35 000 skytevåpen og i 2008 kom det inn 7000 skytevåpen.
– Det er grunn til å tro at det fortsatt finnes en del ulovlige skytevåpen, våpendeler og ammunisjon i privat eie. Et nytt våpenamnesti vil bidra til å bedre politiets våpenkontroll, seier Amundsen.
Våpenamnestiet vil bli gjennomført på same måte som dei to føregåande amnestia. Det vil vere muligheit for etterregistrering, vidaresal, deaktivering eller destruksjon av uregistrerte og registreringspliktige skytevåpen. I tillegg skal det leggjast til rette for innlevering og destruksjon av ammunisjon, samt innlevering av våpen eller lignande som ikkje er å rekne som registreringspliktige skytevåpen, men som er forbudt å eige og inneha etter våpenlovgivinga.
Våpeneigarane kan få meir opplysningar om innlevering og etterregistrering av skytevåpen ved å kontakte nærmaste politimyndighet.