Januar månad er tung å komma gjennom.
29/1/2017 21:11
Det kom inn 250 stemmer, noko mindre enn tidlegare, men perioden var kortare.
Skal ein tolka avstemminga bokstaveleg, står det dårleg til med den psykiske helsa på Tysnes.
Heile 51 prosent oppgjev at dei er bunnlaust deprimert. Då er det bra at ein har fått auka den psykiske helsetenesta på øya, men det meste ordnar seg nok sjølv til våren.
20 prosent vel TV/data/lesing. -Ikkje overraskande i ei tid med mykje vintersport og VM i herrehandball.
16 prosent har framleis “fornufta” i behald, og driv med oppussing/hobbyprosjekt/handarbeid.
7 prosent forberedar sommerkroppen. Litt tidleg kanskje, men det er alltid godt å vera ute i god tid.
Og til slutt har 6 prosent lært av trekkfuglane, dei reiser til varmare strøk.
Stenging av FM nettet i Hordaland startar 21.juni for NRK-kanalane. Men du kan framleis høyre P4, Radio Norge og lokalradio fram til 15. september.
Neste spørjeundersøking omhandlar derfor DAB radio.