Ekstremværet Vidar

Publisert av:
12/1/2017 12:11

Den varsla stormen Vidar, passerte Tysnes i dag.

I samband med stormvarselet, var det også meldt om høg vannstand/springflo.

Slik det var meldt, så var springfloa på sitt høgste merke kl 1100 i dag og byrja så å trekkja seg attende.

 

Ein runde rundt i kommunen synte at det denne gongen gjekk betre dei fleste stader, enn kva ein kunne forventa, utfrå førehandsvarselet.  At flomålet ikkje vart så høgt som varselet gjekk ut på, skuldast nok i stor grad at den sterke vinden som var meldt, ikkje råka oss.

Trass i dette, var det fleire kaiar/brygger som var under vassyta og fleire naust og husvære har hatt sjøvatnet på dørstokken og kan hende over.