OBS varsel : Det er venta springflo
11/1/2017 08:55
Ein kombinasjon av sterk pålandsvind, lågt lufttrykk og fullmåne torsdag gjev prognosar for svært høg vannstand.
Det kan verte 60-75 cm over verdiane gitt i tidevannstabellen på torsdag. I Våge er det flo torsdag 10.21 og 22.47, men det er floa på føremiddagen som får størst utslag. Tabellar for ditt nærområde kan ein finne på sehavnivå.no
Det kan vere lurt å ta ein runde ved sjøen i dag, og sjekke at ting er i orden. Har du båten ute, kan det vere lurt å slakke litt i fortøyingane. I og utanfor naust bør ein plassere lause flytbare gjenstandar høgare opp, og då spesielt olje og andre kjemikaliar som kan forureine.
Sist ein opplevde slike tilhøve var i 2005, då var floa 220 cm over sjøkartnull. No er det venta 220-225, men rekorden er frå 27. februar 1990 med 241 cm.
Dersom lesarane får tatt spennande bilde av verfenomenet, kan dei gjerne sende dei inn til Tysnesingen.no