Skitnesøndag/ Skoltesøndag
18/12/2016 10:40
Det er mange gamle tradisjonar knytt til siste søndagen før jul.
Skitnesøndag
Namnet “Skitnesøndag” kjem av at for å komme i orden til jul, måtte folk denne søndagen sjaue og rydde, noko dei vanlegvis ikkje skulle gjere på søndager. Det kunne være skittenferdig arbeid, og folk gjekk difor i slitte og skitne klær, for å spare dei reinare og finare til julehelga.
Maten måtte være enkel å tilberede når dei, særlig kvinnene, hadde det så travelt.
-Og kva var vel då greiere enn å ha en gryte med smalahover (skolter) stående og putre mens ein arbeidde?
Skoltesøndag
I følge gammal tradisjon skulle smalahovene frå årets sesong etast opp før jul. Nokre stadar passa ein på å ha nok smalahover igjen til middagen siste søndagen før jul. Det vart så fast skikk med smalahove-måltid den søndagen, at dagen vart heitande “skoltesøndag” (skolt = hovud). Mange held også på denne tradisjonen den dag i dag.