Likar du musikk, dans og drama?

Publisert av:
1/11/2016 07:01

Helga 11.-13 november arrangerer Onarheim Idrettslag dansekurs for barn i alderen 4-15 år.
Kurset blir intensivt og går over kort tid med fokus på musikk, dans og drama, samla som musical.
Malin Aakre, opprinneleg frå Tysnes, no busett i Oslo, kjem til Tysnes for å gjennomføre kurset. Ho har utdanning innan dans, drama og teater og har jobba på kulturskule i Oslo med same tema.

For påmelding og prisar sjå info her! 
OBS! Bindane påmelding og betaling innan 5. november!

Det er planlagt 3 forskjellige grupper, fordelt på aldersklassane 4-7 år, 8-11 år og 12-15 år. På den måten vert kurset tilrettelagt for stor breidde og ulike nivå. Det er ikkje noko krav eller forventningar til førehandskunnskaper. Kurset passar naturlegvis like godt for gutar som for jenter og deltakarar frå heile kommunen og besøkjande er velkomen!

 

Den aktuelle helga har skular og barnehagar planleggingsdag på fredagen og det er difor kjekt å kunne tilby ein aktivitet litt utanom det vanlege ei slik helg. Ein workshop er eit kortvarig intensivt kurs/seminar der ein jobbar saman for å få til noko. Ved å jobbe over 3 etterfylgjande dagar lærer deltakarane mykje då det ein lærte forrige time kun krev kort repetisjon. Kurset vert avslutta med ei kort forestilling for foreldra slik at alle får vist fram kva dei har lært underveis.