Har du lyst til å dansa?

Publisert av:
16/10/2016 09:53

Me håpar å kunne ha slike kveldar omlag kvar 14.dag gjennom vinterhalvåret.

Det blir ikkje noko dansekurs i fyrste omgang,men kanskje har nokon steg og finesser dei kan lære frå seg?
Dersom ønskje om kurs i ein type dans kjem opp, kan det  kanskje la seg gjera seinare.   

Danserepertoaret blir til etter kvart,ut i frå ønskje som kjem fram, men hovudvekta blir nok på tradisjonell dans (sving,samba, gamaldans  og evt. songdansar).

I tillegg til at dans er god trim, ønskjer me at desse kveldane blir ein sosial treffstad der me også kan kosa oss med kaffi og noko å bita i.

 

Vel møtt:-)

Uggdal Bygdalag/Opdal Ungdomslag