Dugnad parkområde

Publisert av:
5/10/2016 11:21

I forbindelse med Tysnesbolig sitt prosjekt med bygging av seniorbustadar i peralio er det utarbeidd ein reguleringsplan for området.  Her er det avsett eit nokså stort område mellom seniorbustadane/Njordstø og langs sjølinja til offentleg parkområde/badeplass.

Båtlaget har teke initiativ ovanfor både Tysnes kommune og Tysnesbolig for å få desse områda opparbeidd til grøntområde som kan vidareutviklast.

Sidan Tysnesbolig vil ha ein del maskinar i drift under byggjeperioden, og samtidig vil ha behov for å kvitta seg med ein del jordmassar er “timinga” bra for å få sett i gong eit prosjekt allereie no i haust. Både kommunen og Tysnesbolig er positive til dette. Området har eit stort potensiale, og med begge velforeiningane i Våge på lag kan me saman skapa eit flott friområde for alle på Tysnes.

Eit godt arbeidslag har dei siste vekene hogd ned alt av tre, buskar og kratt i området. Kvist og greiner som ligg att skal no ryddast frå området og kvernast opp med motorisert flisekuttar slik at ein kan ta fatt på grunnarbeidet. 

Tid: Laurdag 8. okt kl 10.00. (Det er meldt flott vér!)

Det vil bli servert fiskesuppe med laks til lunsj.

Bli med på dugnad og set preg på eit nytt friområdet for alle!

Vel møtt!