Tilrår at Tysnes vert større
30/9/2016 16:28
Den til no frivillige reformprosessen har i Hordaland resultert i at 10 av kommunane kjem til å slå seg saman til 4. Ein av desse er «Bjørnefjorden kommune» (Os og Fusa).
Reformprosessen framover
I Sunnhordland bør det i følgje fylkesmannen etablerast ein ny kommune beståande av Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio. Kommunen vil då ha 39.409 innb. (Stord 18.794, Bømlo 11.818, Fitjar 3.168 , Sveio 5.629) Sveio kan alternativt slå seg saman med Haugesund.
For Tysnes sin del meiner Sponheim det beste vil vere om kommunen sluttar seg til Bjørnefjorden kommune. Bjørnefjorden kommune vil då få 26.685 innb. ( Os 19.980, Fusa 3.886 og Tysnes 2.819. Sponheim påpeikar at eit godt alternativ for Tysnes sin del kan vere å vende seg til Sunnhordland.
Austevoll bør slå seg saman med Bergen, men kan alternativt verte ein del av Bjørnefjorden.
Kvinnherad har i følgje Sponheim utfordring nok med å hengje saman med seg sjølv (geografisk)og kan difor vere best tent med å stå aleine også i framtida.
Utan tvang
Tilrådinga frå fylkesmannen er basert på målsetjingane for kommunereforma og kriteria for ein god kommunestruktur. Fylkesmannen understrekar at han ikkje vil tilrå tvang i kommuesamanslåinga i Hordaland.
Vil gjerne ha Tysnes med
Til avisa Os & Fusaposten seier Ordførarane i både Os og Fusa at dei ynskjer Tysnes velkomen om dei skulle ombestemma seg. Terje Søviknes går til og med så langt som til å rå Tysnes til å gå ein ny runde.