Folk strøymde til

Publisert av:
28/8/2016 10:01

Denne flotte gjengen lot ikkje regnvêret legge ein dempar på steminga då dei rigga til bord og benkar fredag 26/8.

John Ola Gransjøen og Preben Vermedal saman med arbeidsleiar Johnny Helgesen.

 

Vel 160 personar tok turen innom open dag på Tysnes Industri laurdag 27/8.

Bedrifta har tre ulike avdelingar, Montasje, Vaskeri og Tre, og rundt på avdelingane fann ein ulike informasjonsplakatar. Der fekk ein informasjon om kva produkt som vert produsert til dei ulike kundane. I tillegg var det eigen informasjon om attføringsarbeidet og tilboda i samband med dette.

På kvar avdeling kunne ein få sjå produksjonen, og det var høve til å stilla spørsmål og få utfyllande informasjon frå arbeidsleiarar og tilsette.

På vaskeriet fekk ein sjå alle dei store vaskemaskinane og tørketromlane, det som imponerte mest var nok rulla som både strauk og bretta sengkleda.

Arbeidsleiar Rita Høgestøl.

Her var det aktivitetar for både liten og stor, med hoppeslott og moglegheit for å prøva ein el-sykkel.

Hopeslott var ein populær aktivitet blandt dei minste

Mange var nyskjerrige på el-syklane. -Og ikkje minst sjansen til å vinna ein!

For å være med i trekkinga om å vinna mellom anna ein el-sykkel, måtte ein svara på 5 ulike spørsmål som gjaldt drifta ved Tysnes Industri. Svara på desse spørsmåla var å finna på dei ulike informasjons-plakatane rundt på avdelingane.

Utfyllig av svarskjema blant dei ferdigkutta materialstablane på Treavdelinga.

 

Etter ein runde rundt på bedrifta var det godt med noko å bita i, og få seg ein god drøs i finevêret.
Styreleiar Fredrik Landeråen grilla og serverte pølser til gjestane.

 

Tor Erik Langeland fekk æra av å trekka vinnarane av konkurransen saman med dagleg leiar Ole Johannes Støle.

Den heldige vinnaren av hovudpremien, ein elektrisk sykkel, vart Kari Helena. Ho er 7 år og bur til vanleg i Nederland, men var på besøk hos bestemora på Tysnes og tok turen innom open dag på Tysnes Industri.

Bestemor til Kari Helena, Kari Tysnes Kjos, tok i mot premien på vegne av barnebarnet. Ho skulle sykla premien heim til barnebarnet,  og håpte at ho fekk kjøpa sykkelen av barnebarnet.

Tor Erik Langeland overrekte el-sykkelen til Kari Tysnes Kjos.

2. premien, eit action-kamera vart vunnen av Malvin Hagen.

Målfrid Merchant Sunde: glad vinnar av 3. premien, ein handduk brodert på Tysnes Industri.