Søkjer leiarar
16/8/2016 06:11
Stillingsutlysning, frivillig arbeid:
Røde kors søkjer leiar/rettleiar
Røde kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF) er Røde Kors si satsing for ungdom mellom 13 og 17 år. Gruppa har som formål å bidra til at ungdom får delta i eit breitt spekter av uteaktivitetar samt å betra kompetansen hos ungdom innan førstehjelp.
Me søkjer etter engasjerte personar i lokalmiljøet på Tysnes som ynskjer å bidra som leiar/rettleiar for RØFF- gruppe annakvar veke. Du vil være engasjert saman med andre personar i Røde Kors, og det er forståing for om ein ikkje kan stille på kvar aktivitetskveld. Det er ein fordel om du er glad i å være i naturen, og du må trivst i selskap med ungdommar. Ein treng ikkje være med i Hjelpekorpset for å stilla som leiar for RØFF.
Alle vaksne som arbeidar med ungdommar i RØFF- gruppa lyt levera vandelsattest.
Me kan tilby:
– Eit vidt spekter av kurs i Røde Kors organisasjonen.
– Frivillig arbeid innan ein godt etablert og spennande humanitær organisasjon.
Vil du høyre meir om RØFF eller det å være frivillig i Røde Kors, ta gjerne kontakt med oss!
Kontaktinformasjon:
Nina Sundfjord – telefon 98813515 / nina_sundfjord@hotmail.com
Irene Røssland – telefon 97589023 / administrativ@tysnesrkh.no