Konserthelg

Publisert av:
14/7/2016 05:47
Me lovar ei helg fylt med kos, moro og dans! De kan kjøpa billett til begge dagane for rabattert pris eller til kvar enkelt dag.
Det blir vassekte bryggedans på sjøsida av Mandelhuset. Scenen vert bygd på ein lekter og heile utearealet vert nytta til dans og moro denne helga!
Meir info om banda:
TBA 29. juli
Me kan med stor gleda presentera eit av Tysnes sine beste liveband fredag 29. juli. 
TBA leverer eit forrykande show, dei er eit fyrverkeri på scenen! Dei er eit lokalt band som blant anna har funne sin inspirasjon frå: Ingenting, GNR, Busserulls, Vamp, Pink, nyare pop og anna tilfeldige artistar som dei likar. Det er seks forskjellige bandmedlemmer med seks forskjellige musikksmaker. Så her blir det mykje ymse!
Me gler oss til ein makelaus kveld med mykje god musikk og dans! 
Trubadur, Ingvald Alvseike inne etter konserten. 
Konsertstart: kl. 22:00 Slutt: 00:30.
Pris: 250,- pluss billettavgift. 
Helgebillett (TBA og Ferdamann): 400,- pluss billettavgift.
Etter konserten er det cover på 200,- i døra.
FERDAMANN 30. Juli.
Me kan med stor gleda presentera Ferdamann laurdag 30. juli. 
Ferdamann er eit band frå Nordhordland som har gitt ut to album, “Dagane” 2005 og “Ferdamann” 2016. Ferdamann si første plate er blitt spelt mykje på P1 og andre radiostasjoner, Sommaren 2016 kom sommarsingelen, “Kaktusen” på Spotify. Ferdamann er først og fremst eit godt liveband som skaper stemning med eit variert repertoar. Ferdamann skriv på Norsk og både tekst og melodi blir ført i pennen av Vokalist Knut Gunnarson Haugland. Dei andre medlemmane i Ferdamann er: Jan Gunnar Rosseland på gitar, Frode Andreassen på trommer og Jostein Fonnes på bass.
Me gler oss til ein makelaus kveld med mykje god musikk og dans! 
Trubadur, Ingvald Alvseike inne etter konserten. 
Konsertstart: kl. 22:00 Slutt: 00:30.
Pris: 250,- pluss billettavgift. 
Helgebillett (TBA og Ferdamann): 400,- pluss billettavgift.
Etter konserten er det cover på 200,- i døra.