Fyrste poeng denne sesongen

Publisert av:
29/5/2016 19:13

Bønes 2 – Njardar/Tysnes 2 – 2

Njardar/Tysnes tok sitt første poeng i kampen mot Bønes 2 på Bønes. Gjestane hadde storparten av spelet og dei fleste klare sjansane, men det heldt berre til uavgjort.

1 – 0 kom etter at Kenneth kjempa til seg ballen ute på sida og la inn til Sigbjørn som scora sikkert. I andre omgang utlikna Bønes før Kristoffer auka til 2 – 1. Bønes fekk straffe, og det resulterte i 2 – 2. 

Njardar/Tysnes har betra spelet i kvar kamp, og i denne kampen var det mykje å gle seg over. Laget prøver å spela seg framover banen, og innimellom sat pasningane og løpa. Ein del upresise pasningar trekkjer ned.

Før treninga starta i vinter såg det ikkje ut for at Njardar/Tysnes skulle kunna stilla 11ar-lag i serien, men tre spelarar frå Strand-Ulv meldte overgang. På treningane i vinter og vår har det vore 12-15 spelarar på trening.

Desse var med;
Knut Jørgen Nesland, Ayleen Hagen, Sondre Flygansvær, Sjur Håvik, Sjurd Pedersen, Remy Gundersen, Einar Stikholmen, Elias Storetvedt, Jakob Lønningen, Kenneth I. Dalland, Sigbjørn Dahle, Viljar Kaldefoss, Isak Enes, Kristoffer Rojas og Oscar Luth-Hanssen

Neste kamp er heimekamp mot Austevoll 3 torsdag 2. juni kl 18.30. 

Kampreferat: Helge Hauge