Sommaropning Galleri Elisabeth G
29/5/2016 07:36
18 juni. vert det opning av 2016-utstillinga på Galleri ELisabeth G.
Duo Austvik/Vindenes, fløyte og gitar, vil spela smakebitar frå konserten dei skal halda tysdag 21. juni på galleriet. Det vert sommarleg vakker klassisk musikk, frå Bach til samtidsmusikk i omlag ein time.
Vidar Austvik frå Tysnes
Diplomeksamen frå Norges musikkhøgskule og debutkonsert i Universitetets Aula, Oslo i 1983. Solofløytist i Stavanger symfoniorkester i over 30 år. 1. amanuensis i fløyte ved Universitetet i Stavanger.
Njål Vindenes frå Vindenes i Fusa kommune
Diplomeksamen frå Norges musikkhøgskule og debutkonsert i Universitetets Aula, Oslo i 1983. 1. amanuensis ved Høgskulen i Bergen. Har m.a. gjeve ut 4 CD’ar.
Duoen møttes på musikklina ved U.Pihls skule i Bergen i 1973 og har spelt saman sidan.
Dei har gjeve konsertar i inn og utland, på festivalar og for NRK.