Lesarinnlegg
25/5/2016 10:41
DEBATTFORM
Samanslåing av kommunar er eit hett tema i dagens Norge. Og med rette. Meiningane er sterke og ofte sterkt motstridande. Og med rette. Heldigvis har vi framleis ytringsfridom i landet vårt. Vi kan meina kva vi vil, og vi kan seia kva vi vil utan å koma i konflikt med lovverket.
Men så er der noko som heiter seriøsitet. Der er noko som heiter respekt for andre sine meiningar. Og så er det noko som heiter sømeleg framferd. Der desse elementa uteblir, vil debattforma ofte falla ned på det nivået vi er vitne til i eit innspel i Tysnesingen der ein gjer seg bruk av ein parodi frå filmen «Der Untergang». Kva er intensjonen?
«Folket ser galskapen – når man ikke slipper til i media – og politikerne ikke vil informere om at dette spørsmålet har flere sider – da må man bruke svart humor for å få ut budskapet om at ikke alt er så rosenrødt som folk på toppen liker å fremstille det»
Påstandane at
• Man ikke slipper til i media
• Politikerne ikke vil informere om at dette spørsmålet har flere sider
• Ikke alt er så rosenrødt som folk på toppen liker å fremstille det
Det få stå for innsendaren si rekning. Sanningsgehalten i påstandane er av tvilsam karakter.
Men det klanderverdige i innspelet er måten og forma bodskapet har fått. Svart humor kallar innsendaren det. «Målet helliger midlene» seier eit ordtak. For ein muslim er det rett å bruka lygn så lenge det er gjort for å tena Allah. Ein slik tanke høyrer ikkje heime i vår judokristen vestlege kulturarv. Middelet som her er brukt i debatten om kommunesamanslåing, er useriøs, respektlaus og usømeleg. Det verkar stikk motsett det som er intensjonen.
Kåre Torbjørnsen