Publisert av:
27/4/2016 06:05
Tysnes-meisterskap i bowling
Først vart det spelt ein enkel serie, og dei tolv med høgast pinnefall gjekk vidare til mellomrunden. Her vart det spelt to seriar for å kåra dei tre som skulle spela finaleomgangen. Også finalen vart spelt over to seriar.
Atle Andersland var ein verdig vinnar. Han hadde høgast pinnefall i alle dei tre omgangane og hadde også høgast pinnefall i ein omgang med 234 pinnefall. I finalen fekk han 392 pinnefall. Bjørn Inge Leite vart nr. 2 og Tommy Bjørkelund nr. 3. Det skilde 19 pinnefall mellom Atle og Tommy.
Helge Hauge