Forlenga Altibox-avtalen med fem nye år

Publisert av:
8/4/2016 14:54

«Det er gledelig at me har signert avtale om vidare samarbeid for å levera Altibox på Tysnes. Samarbeidet fungerer som det skal og me er med i eit solid partnarskap for breiband», seier Ingrid H Haaland, dagleg leiar i Tysnes Breiband. 

Tysnes Breiband har hatt ei fantastisk utvikling frå selskapet vart etablert då Tysnes Kraftlag starta med fiberutbygging i 2005. Ein såg for seg maksimalt 1 000 fiberkundar på Tysnes fram mot 2020, men dette vart passert i 2012 og det er no over 1300 fiberkundar. Og fleire nye kjem stadig til. 

Altibox har dei siste seks åra hatt dei mest nøgde breibandskundane i landet, og blant alle Altibox-partnarane er det Tysnes Breiband og dei andre Haugalandspartnarane som scorar best på alle kundemålingar.

«At me valde å byggja fibernett har vore ei lukke både for Tysnes Kraftlag og for Tysnessamfunnet, og Altibox-satsinga har vore ei suksesshistorie», seier Lars Enes, elverksjef i Tysnes Kraftlag.

Haugaland Kraft Fiber er Altibox-partnar, og totalt har dette partnarskapet over 400 000 kundar i heile landet. Tysnes Breiband er medpartnar av Haugaland Kraft Fiber saman med sju andre leverandørar mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden.  Haugaland Kraft Fiber bidrar i tillegg til leveranse av fibertenester også med kundeservice og teknisk kompetanse for medpartnarane.