Vestlands-meisterskap i Pitch & Putt
5/4/2016 12:07
Vestlandsmeisterskap 2016 Pitch & Putt – Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane
(Turneringa inngår i Order of Merit).
Tidspunkt: Laurdag 23. april 2016 kl. 10.00
Dalen Golfbane har 6 greener og kvar green har 3 ulike innspel som alle skal spelast før ein går vidare til neste. (Sjå scorekort på tysnesgolf.no).
Meisterskapen vert spelt i ein klasse som slagspel utan hcp over 36 hol.
Endeleg program for dagen vert bestemt når antal deltakarar er klart.
Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA.
Ved lik score vert det omspel på siste hol til ein meister er kåra.
Premiering/turneringssponsor:
Pokal og sponsorpremie til dei 3 beste.
Ekstra sponsorpremiar: Dei 3 beste nettoresultat pluss ”closest to pin” og ”hole in one” på hol 8.
Startkontingent: Kr 300,- pr. deltakar (inkl. avgift OoM). Betaling ved oppmøte/registrering. Møt opp i god tid. Startkontingent inkluderer eventuell treningsrunde fredag.
Påmelding: Innan 19. april på e-post til tysnesgolf@online.no, evt. mobil 97956977 eller 97155256, gjerne samla frå den enkelte klubb.
NB! Søndag 24/4 går Udnadalen Open OoM over 36 hol på Kristornskogen Golfpark på Stord. (ca. 1 time frå Dalen Golfbane).
Kristornskogen Golfpark har opphaldsavtale med Stord Hotell. Tysnes Golfklubb kan og vera behjelpeleg med å skaffa overnatting.
Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal.
www.tysnesgolf.no

3 av storkanonane Tysnes Golfklubb vonar kjem. Frå venstre Anders Langeland, Bernt Kristian Nerland og Jan Åge Sande som alle deltok i EM i fjor. Dei 2 fyrste har også fleire NM titlar.
