Framsyning av boka «269 dagar»

Publisert av:
29/2/2016 14:28

«269 dagar»

«To hundre og sekstini dagar med regn.
Han ser lauvet falla som kalenderark frå trea.
To hundre og sekstini dagar.
Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.»

« … ei nydeleg og litt trist forteljing om venskap.
Om det å oppleva at bestevennen flyttar,
om historia dei har hatt i lag og om saknet og lengta
og om regn. Masse regn. Og eit nytt håp. …

Forfattaren Roald Kaldestad og musikaren Roy Ole Førland formidlar den vakre og poetiske boka «269 dagar» av Roald Kaldestad, vakkert illustrert av Bjørn Rune Lid. Boka vert formidla som ei live lydbok, med illustrasjonane på storskjerm, opplesing, musikk og lydkulisser.

Bokbåten kan du besøka på Tysnes i mars: 

Onarheim: 02.03.16 kl 09.00

Lunde: 06.03.16 kl 14.30