Bygdekvinnestreif på Fitjar
15/2/2016 12:08
Tema for “streifen” var Bygda i bevegelse. Grethe Bruntland frå Omvikedalen fortalde om det landsomfattende prosjektet Bygda i bevegelse. Bygdekvinnelaget vil bidra til bevegelsglede og til å auka den fysiske aktiviteten hjå vaksne og born på bygda.
Bygdekvinnelaget vil invitera med seg ut på tur bygdefolket. Me vil ta i bruk perlene i nærmiljøet og læra meir om sunn turmat.
Lokallaget vårt vil prøva å gjennomføra ein tur i kvar årstid (totalt fire turar i løpet av prosjektperioden fram til 31. desember 2016.
Turane vert open for alle og tek utgangspunkt i lågterskelaktivitttar i bygda og lokalmiljøet.
Filmen Potetfarten Fitjar/Bergen og litt av poteta sin historie var det Karvel Strømme som hadde ansvaret for. Bjørg Strømme fortalde oss og viste bilder frå turen til Romania der ho hadde vore saman med Hordaland Bondelag.
Deretter sette me oss i bilane våre og kjørte til Peraløo Flott plass og vertskap Lilli-Ann og Per Drønen.
Me vart servert nydelig rømmegraut med spekemat og nybaka lefser frå eldhuset deira.
NB Oppstart av desse turane kjem seinare.
Tekst: Jorunn Støle Bjordal (Leiar Tysnes Bygdekvinnelag)