Torstein og søstre satsar på heimstaden

Publisert av:
7/2/2016 09:59

-Det blir eit liknande konsept som det eg driv ved Haaheim gard på Tysnes. Eg og søskena mine vil setja vårt preg på drifta av det gamle postbygget med det som kjenneteiknar Espevær, seier Torstein Hatlevik til Bømlo-nytt.

Dei håpar opning til sommaren av  galleri og restaurant i det gamle postbygget.

Espevær eit ei lita øy utanfor Bømlo. I dag er det ca 100 innbyggarar der.

– For oss blir det ein vinn vinn-situasjon. Heile øya er kjempepositive til den nye verksemda. Me treng verkeleg dette tilbodet. Det skaper fleire arbeidsplassar og auka aktivitet her på Espevær. Øya vil koma endå meir på reisekartet. Dessutan er eit slikt konsept tilsvarande det som Torstein allereie har etablert på Haaheim gard verkeleg inn i tida. Det er kjempeflott at han tar med seg sin kompetanse og erfaring tilbake til heimplassen sin her på Espevær. Dette ser me verkeleg fram til og det er ekstremt positivt og sterkt etterlengta! seier Ragnfrid Sønstabø, som driv og eig daglegvarebutikken på Espevær.

Les heile artikkelen her.

/* Style Definitions */
table.MsoNormalTable
{mso-style-name:”Vanlig tabell”;
mso-tstyle-rowband-size:0;
mso-tstyle-colband-size:0;
mso-style-noshow:yes;
mso-style-priority:99;
mso-style-parent:””;
mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt;
mso-para-margin-top:0cm;
mso-para-margin-right:0cm;
mso-para-margin-bottom:8.0pt;
mso-para-margin-left:0cm;
line-height:107%;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:11.0pt;
font-family:”Calibri”,sans-serif;
mso-ascii-font-family:Calibri;
mso-ascii-theme-font:minor-latin;
mso-hansi-font-family:Calibri;
mso-hansi-theme-font:minor-latin;
mso-fareast-language:EN-US;}