Mammatrening på Svingen Puls

Publisert av:
21/1/2016 22:04

Tid: Onsdagar kl 1100-1200

Kven: Gravide eller etter fødsel med born frå 6 veker til 1 år

Varighet: 6 veker (veke 5, 6, 7, 9, 10 og 11)
Pris: Kr 600/900 Medlem*/ikkje-medlem

Kvinner som er fysisk aktive opplever enklare svangerskap, mindre kompliserte fødslar, har betre sjølvfølelse og blir sjeldnare deprimerte. 

Her vil du få gode treningsøkter retta mot gravide og tida etter fødsel. Borna kan vera med på treninga, ligge på golvet eller i vogna under timen. Du vil få utlevert eigne treningsprogram og tips innan kosthald, øvelsar etc.

Etter treningane vert det felles lunsj – ta med matpakke! 

Kurshaldar: Personleg trenar Marthe G Birkeland.
Fysioterapeut Cecilie Brekkan v/ Tysnesklinikken vil ha noko av treninga.

Bli med på effektive, sosiale og kjekke treningar, både for store og små!

Kontakt: post@svingenpuls.no eller tlf 91689760.
Bindande påmelding innan fredag 29. januar.

*Gjeld ikkje klippekort