Ungt talent
2/1/2016 17:31
Ingrid Iverson si mor, Tone Lunde Iverson, er frå Lunde og familen er busett i Park City i Utah.
Trass sin unge alder har Ingrid Iverson tidlegare spelt i kortfilmen Terrestrial (2015) og ei rolle i serien Proper Manors (2012).
Dramaet “Undertow” er ein kortfilmen “Undertow” som ynskjer å setje fokus på, og hjelpe dei som lir av depresjon, særskilt kvinner.
Ingrid Iverson vert i ein artikkel i Park Record Scene omtalt som svært talentfull og får skryt for den modne tolkinga si av rolla som dotter til ei kvinne som lir av depresjon.
Audition til filmen var våren 2015, og innspelinga i Juni 2015. Filmen vart spelt inn like utanfor Salt Lake City i Utah, og er no inne i sluttfasen av produksjonen. Produksjonsselskapet opplyser at filmen vil bli synt fram på ulike filmfestivalar, mellom anna den kjende Sundance Filmfestivalen.