Kontroll
4/11/2015 13:19
Frå ca. kl. 0900 – 12.30 i dag, hadde Statens vegvesen kontroll. Fyrste perioden var dei i Våge og kontrollerte medan dei avslutta økta si i Uggdal.
Totalt 140 køyrety passerte forbi kontrollane fortel Sveinung Bauge i Vegvesenet til Tysnesingen.no.
Alle som køyrte forbi kontrollane vart kontrollerte av kamera som les av skilta og automatisk kontrollerer dei opp mot «svartelista» til vegvesenet. Til dømes vert det sjekka om forsikringa er i orden, årsavgifta er betalt mm.
Alle som har ein form for registrert mangel vert vinka inn. I tillegg sjekka dei bruk av belte og tok stikkprøvar på teknisk tilstand.
Resultatet av kontrollen i dag vart slik:
7 køyrety hadde teknisk mangel.
2 vart begjært avskilta, men mangelen vart orda opp på staden i begge tilfella.
4 fekk gebyr for manglande bruk av belte.
6 fekk trafikkgebyr: dekk, manglande vognkort, sertifikat mm.
