Bømloblåsen

Publisert av:
1/11/2015 10:46

Tysnesingen fekk nyss i at Onarheim musikklag gjekk av med seieren i bømloblåsen i går.
Arve Belt var godt nøgd med prestasjonen.

“Hei. Det stemmer det at det gjekk bra i går – Det viktigste var at me spelte opp mot det me kunne håpe på.
Men sjølvsakt ekstra kjekt når ein vinner! Det har korpset fortjent.
Dei har jobba godt.

Var veldig kjekt å stå på scenen og merke at me hadde roen og presterte jevnt over bra.
Noke rusk vil det alltid vera, men det lerer me av.  

Onsdag 11. november kan ein høyre programmet me spelte. Då skal me vere med på familiekonsert som Tysnes Skulekorps arrangerer i Grendatun.”

Her er resultatet for skulekorps:

1. Stord skulekops: 95 + 8 = 103 poeng

2. Bømlo samarbeidskorps: 93 + 8 = 101 poeng

3. Langeland skulekorps: 91 + 7 = 98 poeng

4. Moster skulekorps: 89 + 8 = 97 poeng

5. Rommetveit skulekorps: 89 + 7 = 96 poeng

6. Tysnes skulekorps: 89 + 6 = 95 poeng

7. Sveio skulekorps: 87 + 8 = 95 poeng

Her er resultatet for generasjonskorps:

1. Onarheim musikklag: 94 + 8 = 102 poeng

2. Våge/Hillestveit samarb.korps: 88 + 7 = 95 poeng

Solistprisen gjekk til:

Håvard Liknes, Sveio skulekorps (euphonium).

Tysnesingen gratulerar!