Elvis i Tysneshallen

Publisert av:
16/10/2015 11:32

– Å stå på scenen som Elvis har eigentleg alltid vore ein draum. Målet er å framføra musikken med same energien som Elvis hadde sjølv når han stod på scenen, seier Eirik Dalland.

Meir enn 30 Elvis-låtar står på programmet under konserten laurdag , men Eirik understrekar at det likevel ikkje skal verta eit maratonopplegg. I tillegg til musikklaget har Eirik med seg Endre Hodneland, Frode Kvanndal, Jan Gunnar Rosseland, Øystein Dalland og Henrik Epland i eige band, og Reidar Sakseide, Monica Utne og Robert Dalland som songarar.

– For oss i Tysnes Musikklag er dette ein fin måte å visa oss fram på, fortel  leiar i korpset Lars Petter Epland. Musikklaget har valt å leggja konserten til Tysneshallen for å sikra at alle skal få god plass og god lyd under konserten.

– Hallen blir rigga til fest og lys- og lydteknikarar er på plass for å gjera dette til ein stor oppleving for publikum, fortel Lars Petter.

Han kan og fortelja at når konserten er over, tek trubaduren Årstein Tislevoll over og byr på både allsong og danserytmar for dei som vil svinga seg.