Tysnes Sparebank-reduserer renta på lån og innskot
28/9/2015 12:23
Rente-endringane for utlån og innskot vert for eksisterande kundar effektiv frå 8. desember 2015. Dei nye prisane vert gjeldande for nye kundar frå 1. oktober 2015.
Tysnespakke-lånet – 1,60% p.a. – landets beste rente?
Tysnespakke-lånet er kanskje det gunstigaste lånet ein kan få i Noreg. For å oppnå denne renta må du flytta til Tysnes kommune. Tysnespakken inneheld ei rekkje andre fordelar også – mellom anna halv pris på straum og breiband i 2 år.
Banken ynskjer å kunna tilby kundar i regionen ei god rente kombinert med bankens personlege service. Banken har medvind og kundetilgangen er svært god. Kundar som ynskjer ein tilgjengeleg bank med evne til å finna smidige løysingar på ulike finansielle behov ser mot den frittståande lokale sparebanken der alle avgjersler vert teken lokalt.